
Eg gjekk forbi unge menn med solbrillar. Alle såg på meg. Eg hadde håret utslått, eg hadde sminka meg. Eg gjekk opp bakken til Politihuset på Grønland og trakk kølapp. Håret var litt i veien for det eine øret, eg måtte dytte hårnåla opp to ganger før dei sa det var greit. Eg sa nei takk til å få tilbake passet. Dei spurte meg to ganger. Eg hadde vore i Dubrovnik. Eg gjekk ut igjen tre minutter før eg hadde booka tid. Det var eit fint sted å komme ut fra.
Dei innestengte linjene mellom husveggane
Eg gjekk nedover Platous gate. Eg tenker alltid på brua når eg går nedover Platous gate, og dei innestengte linjene mellom husveggane. Platous gate er brei. Men den er ikkje brei nok til å ta i mot brua. Dei skulle flytta alle bygga tjue meter vestover da dei bygde den.
Påsken utan egg?
Eg gjekk inn på Rema 1000. Dei som jobba der såg glad ut. Eg vart sur når dei ikkje hadde økologiske egg. Eg vart enda surere når dei hadde satt nokon andre egg der i stedet. Eg tenkte at dette var eit svik. Dei var tom i forrige uke også. Eg såg for meg påsken utan egg. Eg satte fra meg den tomme handlekurven ved kassen og gjekk ut, utan egg, utan kokekaffe, som eg var mest tom for.
Eg tenkte at framtida mi…
Eg glemte å sjå etter fysioterapauten på hjørnet, som eg var forelska i ei stund. Eg tenkte på egg. Eg fortsatte rett fram, over veien, mot brua. Det var fleire folk i trappa, sjølv om ein skulle tru det var eit øde sted. Eg gjekk sakte, hanskane låg i lomma, huden tok til seg lys, eg følte meg fri. Eg såg på silhuettane av Barcode, eg såg på vannspeilet, konturane av dei gamle bygårdane, og var glad det fortsatt fantes linjer som ikkje var moderne. Eg tenkte på korfor eg var her. Passkontoret hadde spurt kor eg var født, det var som eg måtte fortsette samtalen med meg sjølv. Kva gjør du her, kor kjenner dokk kvarandre fra. Eg tenkte at framtida mi er her. Også kjente eg tvil. Kunne eg sjå meg sjølv her? Den eg ville vere?
Alt for mykje testosteron utanfor Kiwi Barcode
Det var alt for mykje testosteron utanfor Kiwi Barcode. Inne var det fullt av nydelige påskeblomster, roser og orkidéar i alle fargar. Eg tenkte på sprøytemidlar og lang transport. Dei hadde to sortar kokekaffe, på Rema har dei berre ein. Eg tok den dyreste. Eg vart sur når dei ikkje hadde økologiske egg. Eg glemte å sjå etter økologisk ost. Eg la kaffen tilbake, og gjekk ut samme vei som eg kom. Det var fortsatt for mykje testosteron utanfor.
Det er noko som heiter tilbud og etterspørsel
Eg gjekk opp til Oslo torg, leste den historiske teksten på veggen. I trappa på Ladegården hadde dei rulla ut ein diger rød løper, blomsterkrukkene var fulle av røde roser. Det stod ein mann på trappa, eg lurte på om det var ein tidlegare statsminister. Men det var det ikkje.
Eg skreiv eit Facebookinnlegg i hodet mitt, om ein påske utan egg, om at kvinner ikkje bruker Facebook politisk i like stor grad som menn, om at vi må vere takknemlig for det vi har. Vi har makt. Det er noko som heiter tilbud og etterspørsel.
Norsk landbruk er dopa på importert soya fra Søramerika?
Eg tenkte på at norsk landbruk er dopa på importert soya fra Søramerika. Eg tenkte at eg fint kan overleve ein påske utan egg. Det vil neppe vere eit like stort problem å få tak i økologisk appelsin fra Spania, sjølv om det koster meir enn 3 kr/kg.
Eg bestemmer sjølv kor mange egg eg skal spise
Eg gjekk inn på Kiwi i Ekebergskrenten. Dei hadde fylt heile den øverste hylla i skapet med økologiske egg. Eg måtte sette handlekurven og veska på gulvet, for å strekke meg med begge armane opp til dei øverste pakkane. Tre pakkar, atten egg. Eg lurte på om eg trengte så mykje egg. Påsken er ikkje så lang. Eg tenkte at eg bestemmer sjølv kor mange egg eg skal spise. Eg kan gå tilbake seinere og kjøpe tre pakker til. Den unge mannen i kassa sa hadet til meg, etter eg hadde pakka alt, eg måtte snu meg på vei mot døra og smile tilbake.
Bokhandelen på Tøyen har ikkje Fitta og havet i poesihylla! Eg spiser egg!
Østkantavisa låg i postkassa, eg leste og kasta den før eg låste meg inn. Det stod at bydel Gamle Oslo drømte om å flytte fengselet ut av bydelen, og at det var ein prest som drev bokhandelen på Tøyen. Det var nok derfor dei ikkje hadde Fitta og havet i poesihylla.
Eg spiste det siste kokte egget eg hadde i kjøleskapet. Seinere i kveld skal eg koke fire egg til.
Innlegget Påske utan egg? dukket først opp på Forlagsliv.